Viktige val

Det er ei ny bok som driv og romsterar i hovudet mitt, karakterar som snakkar i munnen på kvarandre, dialogar, monologar, stemningar, møter, landskap og ver. Eit yrande folkeliv ved fjorden. Det er så mange moglegheiter, så mange opningar, vegar vidare. Det pressar på med språk og handling. Eg må ta nokre val. Både i boka og i livet. Det er viktig.

Eg vil skrive slik livet er. På godt og vont,  med humor og varme. Eg vil skrive slik folk er. Ei slik bok som fangar deg, førfarar og begeistrar.

I morgon skal eg møte redaktøren min i Oslo. Ho har lese dei første sidene og i morgon tidleg skal vi snakke om den. Det er ikkje mange sidene ho har lese, så eg er spent. På kva ho vil seie. Kva ho syns. Om tonen i boka, om språket og handlinga, karakterane. Moglegheitene. Alt ho ikkje veit. Alt eg har tenkt skal skje vidare i boka, i livet.

Det kriblar i magen.

Skjermbilde 2012-09-23 kl. 18.37.41

 

Leave a Comment