Travle tider

Denne veka teiknar til å bli travel. Og eg som har tenkt, i heile haust, heile den siste tida, eigentleg. At i neste månad roar det seg. Eller forresten. Neste månad etter denne. Nei, neste månad, då roar det seg! Men så roar det seg ikkje. Det er vel livet som spelar seg ut.

Mandag startar det  med skrivekurs på kvelden. Det blir veldig spanande å møte alle kursdeltakarane. Tek eg ikkje feil, blir vi åtte rundt bordet. Med spissa blyant og blanke ark. Det skal førebuast, oppgåver lagast, tankar tenkast, og så alt det praktiske med å sette fram bord og stolar og brygge kaffe og hakke opp ein frisk fruktsalat til pausen. Eg gler meg.

Fredag er det duka for Kulturnattforfattarbaluba på Haugesund Libris med Litterær Salong. Haustens utvalde er Vigdis Hjort, som er aktuell med ein latterleg, morsosam roman, Sverre Mørkhagen, som skriv om utvandringa til Amerika, Solveig Aareskjold, som har teke for seg Valkyrjene og dykka ned i Vikingtida, medan Kristine Tofte, frå Stord, skriv fantasty for vaksne. Det er duka for nok ein fin kveld hos magiske Haugesund Libris. Håper eg ser deg der.

Viss du klikkar på biletet, kjem du til facebookarrangementet, der du kan lese meir. Du likar vel Litterær Salong på facebook, vonar eg!

Mellom mandag og fredag må eg altså førebu skrivekurs, skrive ein signatur til Haugesunds avis, førebu Litterær Salong på fredag, skrive tekstar til Julemarkedet sitt julemagasin, skrive ein stemningsfull og julete tekst til TEbyen, og bestemme meg for om eg skal ta ein jobb. Verda er i endring. Verda går framover.

Heldigvis har eg hatt ei flott helg, og særskild søndagen har vore haustfin. Vi la turen ut til vakre Kvalsvik, med deilig vaffelpause hos svigerfar og -mor. Eg rakk til og med å ta meg nokre drag opp bakken mot Stemmen før middag. Det var kjekt med noko nytt. Godt å få litt fart i kroppen, blodet som pumpar fort gjennom årene! No er augo fulle av haust og magen full av årest lam. La veka begynne.

 

 

 

 

Leave a Comment