The show must go on

Torsdag kveld var det klart for Bokgallaturnéens grand finale på segnomsuste Edderkoppen teater. Cappelen Damm og Aschehoug slo på stortromma med heile 20 forfattarar som fortalde, las, song og gjøgla for dei 380 bokhandlarane som sat i salen med goodiebaggane sine.

Foto: Anette Slettbakk Garpestad

Må seie eg vart stor i augo då eg skjøna at eg skulle på etter sjølvaste Wenche Myhre! Die Wenche! Ho tok publikum med storm, som vanleg. Det gjekk eit gisp gjennom salen då ho entra scena og song ”Når jeg blir seksogseksti”.  På bakrommet var det tett mellom dei kjende namna. Her sat blant andre Gro-Helen Tørum, Lars Lillo-Stenberg, Levi Henriksen, Siren Henschien, Gudmund Skjeldal, Tom Kristensen, Aslak Nore, Unni Lindell og Jenny Skavlan.

Vi fekk knappe fire minuttar kvar på scena, men det var fire viktige minutt. For tenk om ei (eller endåtil fleire) av bokhandlarane i salen fekk lyst å lese Nattgjengar etter å ha sett meg fortelle og lese frå boka. Og tenk viss ho les den og likar den. Då kan det vere at ho set den med framsida ut i butikken og anbefaler den til ein kunde, som kjøper den. Og viss kunden liker den, så anbefalar ho den kanskje vidare til vener og kjende. Og så har ein det gåande. I beste fall. Det er dette vi går og håpar på.

Etter at teppet gjekk ned, var det duka for god mat, godt selskap og bobler på ærverdige Aschehoug. Shovet er over, showet må gå vidare.

I skrivande stund gler eg meg over eit tilnærma ryddig hus etter ei rolig helg i heimen, og ser fram til ei veke der eg ikkje treng å pakke opp og ned kofferten ein einaste gong. Herlig!

Foto: Jørgen Schyberg

 

 

Leave a Comment