Suse over bekken og plukke årets fyrste kvitveis

Vårtur i Djupadalen med gutane og mor, som er på helgebesøk i Haugeusnd. Herlig luft i dag, så friskt, og likevel varmt. Utruleg deilig. (Kanskje eg rekk ein joggetur i kveld?)

Me la ut på tur opp til Stemmen og vidaren innover til slengtauet i skogen over bekken. Det er så fint der. Og så gøy å slenge seg utover bekken og sveve, for store og små. Blir vel ikkje meir mindful enn det. Med trea og himmelen og lyden av bekken og alt det rare som ligg på skogbotnen. Til og med mor mi tok sjansen og slengte seg i det. Eg trur ikkje ho angra! No er dei lysare tidene her, varmare også. (Og snart går turen til Kroatia for vår del! Gleder meg:D)

Skjermbilde 2013-05-05 kl. 18.21.19 Skjermbilde 2013-05-05 kl. 18.21.44 Skjermbilde 2013-05-05 kl. 18.22.05 Skjermbilde 2013-05-05 kl. 18.22.18 Skjermbilde 2013-05-05 kl. 18.22.35

 

Leave a Comment