Status: På lager

Mandag 17.09.2012 klokken 11.09. Nattgjengar er på lager. Sverre Dalin hos Cappelen Damm, som har losa den trygt gjennom diverse korrekturar (blant anna fått sett inn fem sider ekstra, som eg sendte frå meg, heilt på tampen. Endå meir på tampen, då eg var på veg til bokgalla i Bodø, oppdaga at det mangla eit ord på side ni. Eit viktig ord. Skrekk og gru og hjaerteklapp og telefonering til Sverre og Herdis og rakk me å fikse det før boka gjekk i trykken? Me spøkte med det, søstra mi og eg. Det er jo ei forhaldsvis kort bok og dei orda som står der er viktige. Det skal godt gjerast å ta bort eit ord, utan at det vert eit hol der. Litt som i ein gensar ein strikker og så mister ei maske.)

Jørgen Brauti, min mann i markedsavdelingen hos Cappelen Damm, var så snill å sende meg fotografisk bevis på at boka faktisk eksisterar. Skrekkblanda fryd! Eg tenkjer at det må vere litt som å «møte» en fyr på nettet, sende meldingar fram og tilbake, for så å skulle møtast ansikt til ansikt. For tenk om eg ikkje liker boka likevel. Tenk om kjemien ikkje er der. At det vert ein gedigen nedtur. Eg kan ikkje akkurat snu i døra, eller late som eg skal på do, for så berre å forsvinne ut i haustkvelden og aldri meir snu meg tilbake.

Viss alt går etter planen, vil me treffe kvarandre på onsdag, eg og boka mi. Og då håper eg det er kjærleik ved første blikk. Merker at spenninga går over i kvalme. Men det er vel slik det skal vere?

 

Leave a Comment