Sjå og bli sett

Bokbransjen er ein bransje i endring. Teknologien bankar på døra med sine fjonge løysningar og det er nok berre eit spørsmål om tid før e-boka tek over.

Enn så lenge er det mange av oss som føretrekkjer ei handfast bok i neven, sider å bla i. Ikkje berre ei fil å laste ned. Det skal godt gjerast å konkurrere med lukta av ei gamal bok. Her om dagen tok eg fram Raud og frå seg, som er over ti år gamal. Ein dinosaur i ei verd der bøker har like kort haldbarheit som mjølk. Det var fint, det var godt. Bøkene er der, vi kan lukte dei.

Framleis er det heldigvis mogeleg å gå inn i ein bokhandel og kjøpe ei bok. Nokre bøker ligg med framsida opp, i store stablar på bordet. Dei fristar. Vi ser dei, blar i dei, får lyst på dei, kjøper dei, les dei. Det er den lukkelege historia. Det er dei heldige, utvalde bøkene. Resten av gjengen står med ryggen til, innerst i kroken, nedst. Desse bøkene får ingenting gratis. Det kostar å selge bøker. Det kostar å ligge i stablar på bordet. Ikkje berre det, det handlar om flaks også, å bli sett av dei riktige folka til riktig tid.

Vinterhjerte låg i stablar. Ulike bokhandlarkjedar valde den ut, stilte den fram. I tillegg fekk den gode kritikkar. I løpet av hausten 2008 kom romanen i tre opplag, på totalt fire tusen. I tillegg til pocket og e-bok. Det er ikkje verst for ei nynorsk, ikkjesjølvbiografisk bok skriven av ein ikkje-kjendis.

Nattgjengar ligg ikkje i stablar på bordet. Nattgjengar står med ryggen til, nedst i ein krok. Og eg skjønar kor prisgjeven boka er bokhandlarkjedane si godvilje. For korleis skal folk kjøpe boka, viss dei ikkje ser den? Det lurar eg på. Eg vonar framleis at Nattgjengar skal bli lagt merke til, få sjansen til å vise seg frå si beste side, på toppen av ein stabel, triumferande. Korleis vil det gå med Nattgjengar? Vil den finne vegen fram til lesarane? Det lurar eg på. No ventar eg berre på den gode kritikken som kan snu det heile rundt. Kjem den ikkje snart?

Viss du klikkar på biletet under her, kan du lese meir om korleis det heile heng saman. Korleis nokre bøker hamnar i stabel, medan andre blir ståande motlause i ein krok.

 

Leave a Comment