Siste Signatur

Aller siste Signatur i Haugesunds Avis:

Ei pølse i slaktetida

Norske mediehus kvessar slakteknivane og kuttar opptil 1048 tilsette i 2014. A-Media, som blant anna eig Haugesunds Avis, skal kutte 500 millionar og inntil 700 stillingar, medan Schibsted kuttar 400 millionar og 370 stillingar over tre år. Aller Media kutter 50 årsverk i konsernet, medan NRK kuttar 100 årsverk.

I litteraturen er det noko som heiter ”Kill your darlings”. Det er særs viktig dersom du har ambisjonar om å skrive noko som skal likne på ein god tekst. Når eg skjer inntil beinet, kuttar, skriv om og stryk i teksten, så gjer eg det for å heve kvaliteten, for at teksten skal bli betre. Det er intensjonen. Når mediehusa no kuttar i avisredaksjonane, så vert effekten snarare det motsette. Kvaliteten går ned. Det vi er vitne til, er i realiteten ei utarming av norsk media. Og det er alvorleg. Kvaliteten på den profesjonelle journalismen vert svekka, og vi kan risikere å sitje igjen med ei meir overfladisk, tabloid og fragmentarisk mediabilete.

Vi har til dels oss sjølv å takke. Fordi vi ikkje kjøper aviser lenger, fordi vi vil ha alt tilgjengeleg heile tida, utan å betale for det. Vi tek heller ein kjapp tur innom facebook, enn å lese side opp og side ned om ståa i verda. Vi scrollar og klikkar og klikkar oss vidare. Tolmodet på internett er ikkjeksisterande og vi vil helst ha det kjapt og enkelt. Ikkje ofte vi kjem oss forbi overskrift og ingress, før vi har klikka oss vidare i den o så store verdsveven.

Det er tøffe tider i mediebransjen, ikkje berre lokalt eller nasjonalt, men også internasjonalt. Salstala stupar, medan annonsekronene går til google og facebook. Det er vanskeleg å tene pengar i overgangen frå papiravis til digital publisering. Det er det ikkje berre mediebransjen som merkar. Men pengar må ein ha for å løne journalistar. Det skjøner alle. Då vert konsekvensen at mediehusa kuttar i utgifter og tilsette. Det er forståeleg.

Men eg fryktar konsekvensen vert at få, om nokon, skriv om den globale folkevandringa eller endringar i økonomien eller klimakrisa eller utanrikspolitikk eller viser oss dei store samanhengane. Fordi det er for ressurskrevjande, for dyrt og gir lite klingande mynt i kassa. Det manglar jo ikkje på formidlingsglede og uttrykksbehov. Nettet fløymer over av bloggar og innlegg og statusar og ord, ord, ord. Men kva med innhaldet? Kva med kvaliteten? Objektiviteten? Kva skjer når ingen vil betale for den gode, grundige journalistikken, den som tek tid?

Som om ikkje det var nok, driv den blåblå regjeringa si eiga utarmingstaktikk mot pressa, ved å redusere pressestøtta, angripe NRK og innføre moms på aviser. I staden for å bygge opp sunne strukturar kring ei fjerde statsmakt i krise, grip styresmaktene begjærleg sjansen til å rive ned. Ei rasering av norsk presse er eit trugsmål mot demokratiet. Vi treng nokon som ser og peiker og skrik opp om urettvise og overgrep. Eit sunt demokrati er heilt avhengig av at vaktbikkjer. Då kan vi ikkje ta til takke med bloggarar, synsarar og kvasijournalistar som fortel om katten sin eller hytta si eller hentar ”sakene” sine frå facebook og youtube.

Eller vert det kanskje ikkje så gale? Er det håp? Det kan tenkjast at mediebransjen har godt av ei lita justering. Det er gjerne slik når verda skiftar takt, at ein må ta ein fot i bakken, og justere både mannskap og kurs. Kanskje er det ikkje behov for fullt så mange aviser, fullt så mange journalistar når alt er tilgjengeleg på nett heile tida. Kanskje må ikkje desse kutta gå på bekostning av kvaliteten og mangfaldet. Ein kunne kanskje tenkje seg eigarar som satsa på kvalitet, fordjuping og gravande journalistikk. Kanskje er det vegen til ei meir opplyst framtid, samtidig som det gir pengar i kassen. Fordi det er det me eigentleg vil ha, når me endeleg vert lei dei kjapp  Det er jo lov å håpe. Men eg må seie, at eg er skeptisk. For der verdiane vert målt i kroner og øre, er det ofte ikkje plass til dei andre verdiane, dei som verkeleg betyr noko.

Eg vonar framtida til mediebransjen er lysare enn det ser ut til no. Eg vonar at dei som har ansvar, forvaltar det godt, og ikkje går heilt amok med kutta sine. Så får det heller vere at Haugesunds Avis ikkje lenger har råd til å hyre inn eksterne skribentar til å skrive Signatur. Det blir vel mest for ei pølse i slaktetida å rekne. Så med det, takkar eg for meg, og ønskjer både lesarar, journalistar og mediemogular ein riktig så solfylt sommar!

Kilde: Klassekampen,

Du kan også sjå eit innslag om dei store kutta i H-avis på TVH.

Skjermbilde 2014-05-12 kl. 21.21.51

 

Leave a Comment