Rabarbramania

Det er ingenting som seier sommar som lukten av rabarbralemonade. Eller smaken av rabarbrasuppe, eller rabarbrapai, eller rabarbramamelade. Eller lyden av ungar som sit på trappa og dyppar knasande sprø og saftig rabarbra i ei skål med sukker.

Eg elskar rabarbra. Den robuste planten med den friske smaken som kjem så tidleg og voldsomt opp av jorda at det nesten ikkje er til å tru. Eg hiv på han kumøkk tidleg på våren, køyrer eg på med fullgjødsel etterkvart, så er det berre å hauste. Og eg likar å hauste, sanke og safte og sylte og nyte i lange drag! Dei stakkars rabarbraplantane mine har levd eit omflakkande liv, men no har dei endeleg fått ro, veks og trivst i hagen.

Eg tenkte eg skulle dele den mest sommarlege oppskrifta eg har med dykk. Nemlig rabarbralemonade. Det er rein nyting på glas, berre fargen gjer meg glad. Og så er det så enkelt. Så godt. Og ikkje reint lite imponerande for alle som får smake. Eg doblar stort sett oppskrifta, men då må du ha ei stor gryte.

Skjermbilde 2013-06-11 kl. 21.33.01  Skjermbilde 2013-06-11 kl. 21.33.36

 

Rabarbralemonade

1 kg røde rabarbra i biter

3 l vann

3 sitroner i skiver

400 g sukker

1 vaniljestang

Ha alt i en kjele og la det få et oppkok og la det koke på lav varme i fem minutter. Ta kjelen av varmen og la det trekke videre i en halvtime.

Hell saften gjennom en sil og ha det på flasker. Holder seg et par uker i kjøleskapet og kan med fordel frysast (i tomme, reine brusflasker til dømes.) Eg har rabarbralemonade på julafta, og andre høgtidsdagar. Skikkeleg fin festdrikk. Nyt den som eg, med lemonies til.

 

Skjermbilde 2013-06-11 kl. 21.33.50

 

 

Leave a Comment