Prestere, produsere, levere

Ferie! Og endeleg skal vi slippe å gjere alt det der vi bør og må. Skru av vekkerklokka, berre flyte med. La dagane finne si eiga retning. Vere saman. Lese, ligge i sola, gå turar. Kose oss!

I det siste har det vore mykje fokus på deltidsarbeid. Kvinner bør, nei skal!, jobbe meir. Sjå barna sine mindre. Ha betre samvit. Få høgre pensjon (JA!). Stresse mindre, trene meir, vere positive. Og det er klart, kven vil ikkje tene meir. Men til kva pris? Er det verkeleg så lønnsomt at alle kvinner og småbarnsmødre jobber heiltid, med døgnåpne barnehagar og skrantande parfohold. Skilsmisse. Er det verkeleg god samfunnsøkonomi? Vil det slå heldig ut for brutto nasjonalprdoukt? Eg er i tvil. For kven veit kva prisen blir. Og kvifor skal vi jobbe så mykje? Kvifor skal vi produsere stadig meir. Alt kan ikkje vekse inn i himmelen? Eller kan det? Det handlar om kvantitet i dagens samfunn, særleg når det er snakk om lønnsomhet.

Ei av dei verkeleg store luksusen i vår tid er nettopp Tid. Kanksje vi burde passe betre på henne. Verne om tida vår, vere kresen med kva vi bruker den på, ikkje spre den for alle vindar, men porsjonere den ut.

Under kan du lese Signaturen min om nettopp dette. Eg kjenner at prestasjonssamfunnet engasjerer meg meir og meir.

 

Skjermbilde 2013-06-24 kl. 10.51.18

 

Leave a Comment