Poesi og latter i salongen

Våren på Litterær Salong

Etter eit sabbatsår der eg har konsentrert meg om å skrive og promotere «Verden leker gjemsel», er det igjen tid for å invitere forfattarar og publikum til bokprat salongen. Eg har vore så heldig å få støtte frå Fritt Ord, Haugesund Kommune og Forfattersentrum. Det gjer at eg kan starte opp att dei litterære arrangementa. 6. april blir det Poesisalong med Ruth Lillegraven og Sandra Lillebø. 27. april kjem Erlend Loe og Nina Lykke for å snakke om latteren og familien i litteraturen. Det gledes. Billetter koster kroner 200,- og dei kjøper du på Haugesund folkebibliotek, der arrangementa også finn stad. Det blir mogleg å få seg eit glas vin under salongane og å kjøpe bøker med signatur av forfattarane. Håper me sjåast på Litterær Salong i vår!

Trykk på biletet under for å lese saken på Haugesundnytt. Du kan også gå inn på www.facebook.com/salongen og lese meir om arrangementa.

Skjermbilde 2017-03-14 kl. 10.05.26

 

Leave a Comment