Oslotur

Det er deilig å komme seg vekk litt iblant. Få luft under vengjene og eit avbrekk frå kvardagen. Oslotur med kjærasten og møter med gamle vener er stas.

Det første eg gjorde då eg kom til byen, var å ta ein tur innom redaktøren min på Cappelen Damm. Vi snakka om den nye boka mi, som etter planen skal kome ut i januar. No er det knapt for eit manus å rekne, så eg må stå på skal dette gå vegen. Og det må det jo! Eg har hatt klart eit slags utkast til førsteutkast ei stund. Det har redaktøren min og eg snakka om på telefonen. No gjekk vi litt nærmare inn på korleis eg skal jobbe vidare med manuset og kva deadliner som gjeld, skal det verte bok i januar. Veldig kjekt å ha nokon å snakke med, som veit kva det går i, og har gjort dette før. Eg skal jobbe strukturelt og få oversikt over dramaturgien og dei enkelte kapitla. Så no skal tavla fyllast med posit-it lappar, slik at eg kan ordne boka i kapitlar og flytte rundt på dei ulike elemeta til strukturen sit slik den skal, og så er det jo berre å skrive i veg. Easy peasy. Eg gler meg.

Skjermbilde 2014-05-12 kl. 13.54.12

 

Fotoet over, har eg lånt frå bloggen til Cappelen Damm Forlagsliv (fotograf: Turid Oline Olsen). Det er ein kjempefin bokhandel i første etasje, Halvbroren, og den er open for alle :) Der er det mange fine stader å sitje ned og bla i bøkene, og ein kan kjøpe noko godt å drikke og bite i, i kaffebaren på andre sida av resepsjonen. For dei som bur i Oslo, er det verd å få med seg at det ofte er litterære arrangement på Cappelen Damm huset. Kjekt.

Eg er jo ei effektiv dame, så fredagen var enno ung då eg var ferdig å snakke med redaktøren. Eg rakk å shoppe litt, og det er jo alltid stas! Uansett for tung kofferten er, (eg er ein mester i å stappe koffertar med alt mogleg rart), er det jo alltid slik at ein ikkje har noko å ha på seg. I Oslo er redningen nær. Eg måtte berre ha kjolen (By Malene Birger) og skoa (Michael Kors)! Gjekk ei kule varmt for kredittkortet, men det funkar enno.

Skjermbilde 2014-05-12 kl. 10.19.46

Fredagen var avslutta med herleg mat i lag med gode vener på Schillers i Folketeaterpassasjen. Anbefales.

Lørdagen vart det Mexikansk lunsj og møte med den fine nevøen min og familien hans, tur i Botansik hage, og bursdagsfest for ein ven. Nydeleg mat og livlege folk i Mathallen. Alltid kjekt å gå på fest i nye klede, sjølv om dresscode for festen visstnok var casual friday. Jajaj, ikkje så veldig casual, men fin, det var eg ;)

Skjermbilde 2014-05-12 kl. 10.20.23

Søndagen rakk vi akkurat å få med oss ein tur innom Astrup Fernley Musseet, for litt samtidskunst og eplekake. Heilt herleg helg!

Skjermbilde 2014-05-12 kl. 10.20.07

 

 

Leave a Comment