Ordning og reda

For meg er skriveprosessen litt tåkete og mystisk, ei slags skattejakt som tek meg lenger og lenger inn i eit landskap, der eg blir kjent med nokre karakterar og historiar som lengtar etter ei form, eit språk. I byrjinga er det som å famle i tjukk tåke. Eg har eit landskap, nokre karakterar. Men kven er dei, kva driv dei, kva betyr dei for kvarandre? Og kvifor er det så interessant? Så interessant at eg vil tilbringe utallige timar med å tenke på og skrive om dei. Gradvis lettar tåka og alt vert meir og meir tydeleg for meg.

Etterkvart som historia veks fram og blir meir kompleks, og karakterane vert rundare, meir kjøttfulle, treng eg å halde oversikta og strukturere. Eg er kome eit godt stykke på veg i den neste boka mi. Eg har skrive eit førsteutkast, og no skal eg i gang med å ordne stoffet. Problemet mitt har vore at eg ikkje klarar å finne eit stort nok plass, noko som kan romme alt. Eller nesten alt. Det vert fort uoversiktleg, og så er eg like langt.

Eg har hatt ei stor, gamaldags skuletavle på kontoret ei stund. Men når eg skriv med kritt på den, så er det plass til mindre enn eg klarar å krote ned på eit A4 ark. Så då var gleda stor då eg var hos redaktøren min, og vi kom på at eg eg kunne bruke post-it lappar og skrive opp stikkord for kvart kapittel, karakterane og samle alt på tavla. No kan eg legge til, trekke frå, komme med nye innspel eller forkaste gamle. Det er berre til å flytte rundt på post-it lappane. Så enkelt. Og så genialt. Ny giv og full fart framover.

IMG_2700

IMG_2704

IMG_2712

IMG_2724

 

 

Leave a Comment