Oppslag i Haugesunds Avis

Før lansernga av Nattgjengar, stod dette oppslaget om Nattgjenar på trykk i Haugesunds Avis. Ein fin tittel på intervjuet, og ei morosam avrunding. Eg måtte le då journalisten nemnde mi enorme bakeglede. For det er jo heilt sant. (Og snart er det jul!)

Når hverdagen brister - Oppslag i Haugesundsavis

Trykk på bildet, så kan du lese oppslaget som pdf.

Eg må innrømme at hjartet mitt sank då eg las bokmeldinga i Haugesunds Avis. Kroppen liksom stivna. Men etterpå har eg møtt folk som har gratulert meg med fin bokmelding. (Til å vere H-avis var det jo veldig bra, seier dei). Kva syns du?

I det siste har det vore ein del snakk om meldingane i Haugesunds Avis. Dei har ein tendesn til å gi lokal kunst og kultur firar på terningen. Uansett. Eg var altså ikkje noko unnatak. Det kan jo bli litt kjedeleg i lengden. Med firarar over heile fjøla. Men det er jo betre enn to eller tre! Problemet er vel når det vert så forutsigbart. Eg hugsar Vinterhjerte også fekk ein firar i Haugesunds Avis. Kanskje eg skal ta det som eit godt teikn. For Vinterhjerte fekk jo strålande mottaking elles i pressa.

Ikkje lett å bli klok på, dette forfattarlivet. Ein vil at avisene skal melde boka, men ein vil samstundes at det berre skal stå fine ting. Og så går ein og grugleder seg. Det kan gå bra. Det kan gå dårleg. Eg har jo sjølv vore bokmeldar i Bergens Tidende og veit kva det går i. Korte fristar, liten spalteplass og ein jamn straum av bøker. Heldigvis hadde vi ikkje terningkast då eg melde. Men eg er glad eg er ferdig med den biten av bransjen. Det er betre å vere forfattar og salongvertinne. Mykje kjekkare det!

 

 

Leave a Comment