Leselykke

Det er vel slik utsikta skal vere, når ein koser seg med ei bok! Og når den boka attpåtil er god, då kan det knappast bli betre.

Skjermbilde 2013-01-05 kl. 20.36.33

Når roen endeleg senka seg på tampen av det forrige året, og inn i det nye, fekk eg lese litt att. Ei bok eg verkeleg vil anbefale, er romanen med den vakre tittelen «Alt må vike for natten» av franske Delphine de Vigan. De innbydande omslaget er laga av den same deisgnaren som har laga omslaga til mine to siste bøker, Elisabeth Vold Bjone.

Handlinga går føre seg i Frankrike og den fortel historia til Delphine sin familie. Det er ein særs fargesterk familie med ei fargerik histoire. Det er mykje liv og lått, men det svarte får også stor plass, difor den talande tittelen, som gjev meir og meir meining, etterkvart som ein les boka. Og når ein har lese dette vakre prosastykket, kan ein faktisk forstå korleis det er mogleg for ei kvinne som er mor til to små jenter, å ville ta sitt eget liv. Det kallar eg skrivekunst.

Skjermbilde 2013-01-05 kl. 21.04.59

 

Leave a Comment