No blir det liv. Rai Rai.

Nå nærmar det seg Lanseringsfæst for Nattgjengar. Då blir det hæla i taket og tænna i tapeten på HKV. Neida! Alt skjer sjølvsagt i kunstnerisk forsvarlege og litterært ordna former. Men eg må advara mot bobler i glasa og tappekran i baren. Ta med cash, godt humør og kle deg laust og ledig for dans og moro. Viss du i tillegg kjøper boka, då er jo alt berre fryd og gammen.

Og du skal vite at eg blir så glad for alle som kjem!

I mellomtida undertrykkjer eg det faktum at eg skal lese frå boka på «heimebane». Skrekk og gru! Jadda. Men eg gler meg. Spesielt til boblene. Og ansikta som smiler mot meg og boka som ligg i handa. Livet er slett ikkje så verst!

Klikk på bildet, så kjem du til facebookarrangementet. Skriv deg opp og inviter gjerne fb-vener og andre vener.

 

Leave a Comment