Korleis bli tynnare, sprekare, finare, klokare, snillare?

Kampen for perfeksjon går sin vante gang i Prestasjonssamfunnet. Nytt år og nye moglegheiter til å forbetre seg. Vi kallar det nyttårsforsett. Og for å bli eit betre menneske, det beste vi kan vere, skal vi helst gjennom ei helvetesveke. Rare greier. Men det er i alle fall mange som sel utrulege mengder bøker med tips og råd og svaret, løsninga på lykken i livet.

I det siste har eg hatt ein antistress og antiprestasjonskampanje i mitt eige liv. Eg trur stress er noko av det verste ein kan utsetje både kropp og sjel for. Og vi har jo eit val. Vi kan kutte ned på faktorane som skapar stresset. I staden for å tenkje at eg må bli betre, eg må prestere på eit høgre nivå. Prøver eg å fokusere på å rydde plass til det som gjer meg godt. I same slengen prøver eg å kutte ned på det som gjer meg stressa og utilpass.

Skik vert det plutseleg meir lystbetont å gå på jobb. Altså gå i stadenfor å køyre. Det er ikkje eit ork. Fordi eg veit det gjer meg godt. Fordi det ikkje stammar frå eit dårleg samvit ein plass. Eg går fordi eg vil, ikkje fordi eg syns eg burde. Og når ein er snill med seg sjølv og tek gode val, vil det gode, kan det jo vere at ein vert litt snillare mot andre. Ein kan jo alltids håpe. Kanskje eg skulle skrive ei bok om det. Og tene store pengar, hihi;)

 

 

Skjermbilde 2014-01-16 kl. 10.40.13

 

 

 

 

Leave a Comment