Kloke kvinner syng sine songar

Finns det noko betre enn kloke kvinner? Nei, eg trur ikkje det. Og på torsdag var eg så heldig å sitje på scena med to av Stavanger sine finaste og  klokaste forfattarar. Lyrikarar, begge to, faktisk. Og fantastiske. Det var ei ære å vere saman med Odveig Klyve og Torild Wardenær på Kulturbanken under Kapittel.

Odveig har skrive ei vakker, sterk, sanseleg og nær diktsamling om livet, døden og det å miste ein far. Å sakne ein far. Den fine tittelen Lyden av sol. Ho las så fint frå boka.

Eg klarte jo ikkje å få eit bilete av oss tre saman, (ikkje heilt proff bloggar enno!), men under kan de sjå Odveig og Torild, og om de trykkjer på bileta, så kan du lese meir om dei og forfattarskapen deira på forlagas nettsider.

Det vart ei så fin stund. Odveig og eg sat der med dei flunkande nye bøkene våre rett frå trykkeriet. Mi mørke, hennar vibrerande raude. Me hadde øvd og me las og så svarte me på spørsmåla til Torild etter beste evne. Torild som hadde lese bøkene våre, tenkt, lese litt meir og tenkt litt til og med sin kunnskap om litteraturen og verda og menneska var ein strålande programleiar/intervjuar. Eg kunne sitje og høyre på henne og Odveig i timevis.

På toppen av det heile, traff eg to vener som kom for å høyre på og gratulere med boka. Eg fekk eit vakkert kort og nydelig sjokolade som eg åt på bussen heim.

Odveig Klyve

Torild Wardenær

 

Leave a Comment