Kjerringråd

Det er visst tøft å gifte seg og reise på bryllupsreise til andre sida av verda. Då me kom heim, og kvardagen tok oss, vart den nyslåtte ektemannen sjuk og sengeliggjande med lungebetennelse.

Ja, sola skin, men vinden bles og gradestokken viser ikkje stort meir enn femten grader i skyggen. Men vi kler oss jo som om vi skulle vere i Provence. Med andre ord: perfekte forhold for å bli sjuk. Eg veit ikkje om det er den tynne bekledninga, vinden eller badinga som har gjort oss sjuke, men det eg veit, er at eg verken har tid eller spesielt lyst å vere sjuk! Så eg har tatt imot alle kjerringråda eg kunne få, då eg kjente halsen sårne til.

Spis ein heil sitron.

Gurgle og svelg 15 dråper Grapefruktkjerneekstrakt utblanda i vatn 3 ganger om dagen.

Skyl nasen med saltsvatn i ein sånn naseskyljeting.

Råmelkstablettar

Ei skjei honning med kanel på

Ingefærte laga av fersk ingefær og honning

Kvile

No er det ikkje stort meir enn ei veke til ferien, og eg har ein del sider å skrive, for å seie det forsiktig. Eg er godt i gang, men skal det bli bok må eg helst halde tempoet opp, og gasse litt på. Korleis skal dette gå?

Skjermbilde 2014-06-20 kl. 09.55.53

 

 

 

Leave a Comment