Jackman i Filmasalongen

Haugesund har Norsk Filmfestsival og Norges beste filmklubb, men ikkje noko særleg til filmmiljø. Likevel har vi ein ambisjon om å bli filmbyen Haugesund. Då gir det håp at Haugesunds store filmskaper, Pål Jackman, har flytta heim. Og så klart måtte eg invitre til filmsalong med Jackmann i Festiviteten. Stor stas. Det vart ein interessant samtale om dei to filmane hans, Detektor og Jernanger. Det vanskelege mor/son forholdet, løgner , naive menn og supre kvinner, bitterhet og filmspråkets estetikk. Blant anna. Vi viste litt klipp frå dei to filmane, og så spela Jackman ein sang for oss. Magisk! Og neste torsdag viser Filmklubben begge filmane hans på Edda Kino. Det vert ein opplevelse. For det er verkeleg nokre vakre filmar Jackmann har laga. Og no er han i gang med noko nytt!

Dette er den siste salongen eg har i haust, det var både vemodig og fint.  No skal eg stupe inn i det neste romanprosjektet mitt og er beint ut elektrisk ved tanken. Det er ei bok som har svirra rundt i hovudet ei stund, og no må den ned på papiret og ut.

Minner om at Festiviteten arrangerer Haugaland Pop med Tore Renberg og hans antourage i filmverda. Renberg har fått strålande kritikkar for si siste bok. Seks på terningen over heile lina og sal til utlandet. 20. november, altså, klokka 20.00 i Festiveteten.

 

Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.24.24

Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.20.53

Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.20.19

 

Leave a Comment