Hurra for Haugesund Libris

Skjermbilde 2013-09-18 kl. 23.45.02

Haugesund Libris er nominert til Årets bokhandel av forfetterforeningen. Det er forfattarane sjølv som nominerar bokhandlarar over det ganske land. Og sjelden har vel ein nominasjon vore meir fortent! Haugesund Libris, med Jan Mathiesen og Dyveke Hagen i spissen, er ein bokhandel med sjel, varme, raushet, kunnskap og hjarte for litteraturen. Dei har ei backlist lang som eit vondt år, dei nye titlane ligg fint presentert, profilen famnar både breitt og smalt, og ikkje minst, vert den lokale litteraturen teken vare på, så her kan ein alltid finne det ein er ute etter. Haugesund LIbris har gjennom ei årrekke spelt ei sentral rolle i litteraturformidlinga i Haugeusund og stiller alltid opp, enten det er Vise og lyrikk, Kulturnatt eller Litterær Salong. Og jammen har dei ikkje starta eit forlag også! Pauserommet på Haugesund LIbris er eit ynda tilhaldsstad for mange av dei lokale forfattarane. Kolbein Falkeid tek seg titt og ofte ein tur innom for eiit dikt, ein drøs og ein kopp kaffi. Eg roper høgt hurra for Haugeusnd Libris og kryssar fingrane for at dei går av med seieren:D

Her kan du lese intervjuet Mette Karlsvik har gjort med Dyveke på Forfattersentrum sine sider.

Dyveke og Jan i kjent positur, der dei helser publikum hjarteleg velkommen til Litterær Salong. Bøkene er aldri langt unna, det er heller ikkje smilet og latteren.

Avslutter med dette blinksuddet av Haugesunds beste og mest lattermilde bokhandlere, og helt essensielle i eksistensen til Litterær Salong. Jan og Dyveke i Haugesund Libris.

 

Leave a Comment