Hugsar du?

Eg har så mykje å vere takknemleg for. Eg kjenner så mange fine folk, alt det gode som har skjedd. Og det triste. Det morosame. Eg vil hugse alt. Alltid. Også når eg vert gamal. Eg vil vere meg sjølv til eg døyr. Vil eg vere ein av dei heldige?

På bildet under her, er farmora mi nummer to frå høgre. Far min er den vesle guten med den skøyeraktige helsinga. Eg syns det er så rart å sjå på gamle bilete. Kven var dei? Kvar er dei no? Korleis gjekk det med dei etterpå. Det opnar seg liksom ei heil verd av moglegheiter. Ting ein veit og ikkje veit. Og det at vi snart også er historie. Det er så rart å sjå. Så rart å tenkje på.

Klikk på biletet under, så kan du lese helgas Signatur, som eg har skrive for Haugesunds Avis. Det handlar blant anna om farmora mi og gleda ved å hugse.

Skjermbilde 2013-10-19 kl. 20.42.06

Skjermbilde 2013-10-22 kl. 09.26.33

 

Leave a Comment