Honninghaust

Sjølv om det berre er nokre månader sidan sommarferien, har eg gleda meg som ein unge til haustferien. Det er definitivt ein av fordelane med å ha ein skulegut i familien.

No skal det nytast, lesast, leikast, etast og kosast. Vi skal vere saman og gjere kjekke ting inne og ute, i vinden og sola og regnet. Gå tur, sjå teater, kino, stikke ein tur innom biblioteket, lage mat, gå meir tur, leike med lego, lese bøker, drikke te og kakao, tenne stearinlys og ete vaflar til frukost. Vi skal til og med reise på hyttetur på fjellet. Eg elskar fjellet. Sommar som vinter, kanskje er det aller vakrast i fjellet om hausten. Krisp morgon med dogg i graset og sola som skin på dei tusen, dropefunklande  spindelveva som ligg tett i tett over graset og lyngen. I dag trossa vi det skiftande veret og kom oss ut på tur i Djupadalen. Det var regn, det var sol, det var opphald, masse frisk luft, vind, boller og kakao.

To glade gutar i Djupadalen. Og rosebusken viser seg fram i all si prakt.

Om hausten står ostekos og rudvin på menyen. Eller ost og grøn te. Det er godt det også. Eg har fått heilt dilla på grøn te i det siste. Det viser seg å passe til det meste. Enten eg inviterar vener til ostekveld, eller berre lagar ein liten ostefest for meg sjølv, er det godt å ha ei krukke honning med pistasjenøtter, valnøtter og tørka aprikoser i skåpet. Den skarpe osten saman med den mjuke, søte honningen er heilt nydeleg.  Sjølv har eg ein svakheit for manchego og varm chevre.

Det er såre enkelt. Ha ein liten neve pistasjenøtter, ein liten neve valnøtter og ein liten neve tørka aprikoser på skjerefjøla. Hakk det heile opp i små, små bitar. Ha på eit reint glas og bland i akasiehonning. Her er det om å gjere å bruke flytande honning, og ikkje vere gniten på honningen. Prøv deg fram. Blir det for tjukt, kan du ha i litt vatten.

Så er det berre å nyte.

 

Leave a Comment