Heilsprø bakeglede

Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.23.20

American cookies er ein favoritt i heimen. Oppskrifta fekk eg for mange år sidan frå mi gode venninne Liv. Dei er heilt fantastiske, og det er ikkje sjeldan minstemann ser på meg med store, bedande auger og vil at vi skal lage cookies. Dei smakar aller best, rykande ferske frå omnen. Dette er ein ganske stor porsjon, så dei som ikkje blir spist, frys eg ned til seinare. Då er det berre å ha dei i omnen ti-tolv minutt på 160 grader, så er dei like sprø og ferske som då dei var nybakte. Herleg:) Deilig å ha på lur til gjestar eller når ein har lyst på noko godt i hausmørkret. Det går fint an å ete cookies og drikke te og lese. Enkelt å lage er det også. Eg har dobla oppskrifta, det gjer eg jo som oftast;) Hugs å kjøpe brundt sukker.

American cookies (LIV)

250 g smør

1,8 dl brunt sukker

1,8 dl hvitt sukker

røres hvitt

 

bland inn:

2 egg

 

tilsett

5 dl mel

1,2 dl havregryn

2 ts bakepulver

2 pl. Kokesjokolade i biter

 

180 grader, midten, 8-10 min

 

Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.22.21 Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.22.46

Mammas vesle bakegut. Gler oss til å smake. (Deigen er også farleg god).Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.23.07 Skjermbilde 2013-11-07 kl. 08.23.20

 

Leave a Comment