Grønn lykke

No er den her, den varme, fine tida. Med picnic i parken, bading og lukta av nyklipt gras. Eg er eit sommarmenneske, og finn fram sommakjolen og sandalene ved den minste antyding til sol. Eg elskar det herlige sommarlivet. Det er klart, det er lettare å vere eit sommarmenneske i Provance eller  påKorsika. Men i år får Norge gjere nytta. Det gjeld å gjere det beste ut av det, ha den rette innstillinga. Er vi heldige blir det fint ver på fjellet og vi kan bade i elva. Det er lykke.

Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.38.18

 

Drivhuslykkeleg ein solfylt søndag. Det er god tid til å nyte fruktene av hagearbeidet.

Om vinteren lengtar eg etter å grave i jorda, luke og vatne, stelle og stulle, rive og slite i røter og ugras. Eg vert lykkeleg av å jobbe i hagen. Etter ein kveld med ugrasluking, planting og lett rufsing i bedda, kjenner eg meg tilfreds langt inn i sjela. Og no er det også bevist av forskarar. Fremtiden i våre hender har laga ei liste med ti veier til grønn lykke. Der skriv dei blant anna: »Å jobbe med jorda uten hansker øker nivået av vårt naturlige lykkestoff, serotonin, ifølge ny forskning. Det er bakterien Mycobacterium vaccae i jorda som utløser serotonin i hjernen vår.  Forskerne har også funnet ut at et annet av våre naturlige lykkestoff, dopamin, blir utløst når vi høster for eksempel grønnsaker og frukt, eller plukker bær og sopp i skogenutløyser .» Eg er godt i gang med hagearbeid, høsting, safting og sylting.Så då skulle alt ligge til rette for ein riktig så lykkeleg sommar, og eg kan trygt fortsette med å stikke fingeren i jorda.

Ein treng ikkje ein heil hage, for å få jord på fingrane og kroppen punpa full av seratonin. Då eg var student hadde eg ein pitteliten balkong utanfor hybelen min. Den vart fylt til randa med sommerblomster, krydderurter, tomatar, klatreroser, hortensia, jordbær og blomkrase. Det var såvidt plass til ein stol i enden, så eg kunne nyte synet. Eg vil påstå at berre synet av plantar gjer noko med meg.

Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.28.24

For å spre litt naturleg lykke, spanderer eg på meg eit aldri så lite bildedrys frå hagen min i junibløming.Då vi kjøpte dette huset for to år sidan, var hagen eit stort pluss, drivhuset og sommerhagen med drueranken gjorde meg blank i blikket. No har vi til og med klart å fylle drivhuset med tomat-, agurk-, chilli-, paprika-, squash -, krydderplanter og sukkererter. Det er kjekt for store og små!

Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.31.34

Vinranken i drvhuset, der små knoppar skal vert til saftige, søte druer. Lyslenka skapar stemning om kvelden.

Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.30.24

Zen-garden som ungane kallar drivhuset. Tru om tomatene snart er modne?Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.29.16

Vi kan ikkje få for mykje krydderurter. Og stemorsblomsten blir finfin pynt på kaka eller i salaten.

Skjermbilde 2013-06-17 kl. 13.31.18

Rododendron i full blomt. Eg har fyllt opp både huset og kontoret med bukettar, utan at ein kan sjå det på busken.

 

Leave a Comment