Graskarkos

Kven likgar vel ikkje haust og ei herleg, varmande suppe! Viss vi i tillegg kan lage noko fint saman av det som elles hamnar i matbosset, er det vel ingenting som er betre enn det.

På søndag laga vi ei skummel lykt av eit stort graskar. Ungane fekk lage stor, taggete munn og sinte auger, medan eg skava ut kjøtet. Eg må seie at eg elskar slike ting ein berre kan gjere ei viss tid på året. Slik får kvar årstid sin smak, sine lukter, sin sjarm.

Oppskrifta kom eg fram til etter å ha søkt litt her og der på nettet. Alt som inneheld chilli, ingefær og kvitlauk må vere bra. Suppa vart ein suksess, både for store og små. Alle var einege om at dette var skikkeleg herleg haustkos. Vi gler oss allereie til å spise restane.

Graskarsuppe

4 sjalottlauk

1 chill

3 fedd kvitlauk

2 cm fersk ingefær

1 gulrot

litt olje

2 l graskarkjøt

2 l vatn

4-6 stk grønsaksbuljongterningar

2 dl fløte

1 klatt rømme

salt og pepper etter smak

200 gr bacon

Rista graskarkjerner

Kutt sjalottlauk, ingefær, kvitlauk, chilli og gulrot i små bitar, steik i litt olje til lauken er blank. Ha i vatn, graskarkjøtet og buljongterningar. Kok opp. Kok til graskarkjøtet er mørt. Kjør til ei fin masse med stavmiksaren. Bland i fløyten og litt rømme. Smak til med salt og pepper. Suppa skal ikkje koke når fløyten er komen i.

Viss du sløyfer fløyten, blir nok suppa friskare og skarpare, men ikkje fullt så barnevenleg.

Vask og tørk graskarkjernene, rist dei i ei steikepanne over middels varme. Når dei har fått farge, tilset litt olje og salt, rist vidare til dei blir sprø og gode. Dette er også godt som snacks.

Server suppa med rista graskarkjerner, sprøsteikt bacon og heimelaga brød med smør.

(Vi var to vaksne og to barn som åt denne suppa, og det er nok til ein middag til.)

 

Leave a Comment