Frisk sommerkake

Vi feirar mange bursdagar om sommaren. «Alle» har bursdag i juni. Då må det feirast og kake må bakast. Av og til er det gøy å finne på noko nytt. Eg er jo heilt vill etter rabarbra, og vrir stadig hjerner, for å finne nye måtar å få brukt denne herlighetia på. Eg fann ut eg ville putte rabarbra i eplekaka mi, altså i stadenfor eple. Og det blei jammen meg utruleg godt. Sist søndag brukte eg den same røra, men putta kirsebær oppi. Og smurte lemon curd over. Nam! (syns kanskje den var best med rabarbra, litt meir syrleg).

Skjermbilde 2013-06-23 kl. 20.16.10

 

Eple/rabarbra/kirsebærkake

 

2 egg

1,5 dl sukker

vispes til eggedosis.

Bland  så i

1 dl melk

100 g smelta smør

3 dl mel

2 ts bakepulver

 

Ca 5 dl kirsebør eller rabarbra eller plommer eller noko anna godt som veks i hagen eller ligg i disken på daglegvarehandelen. 4 dl i kaka, 1 dl til pynt. (obs, ikkje pynt med rabarbra, bruk heller nokre fine, etelege blomar frå hagen, då)

180 grader, nederst, 30-50 min (følg med, kommer veldig an på ovnen din!).

Oppskrift på Leom Curd finn du her!

Bre over  lemoncurd, strø over kirsebærene, servere med ein dæsj krem og mykje godt humør!

Skjermbilde 2013-06-23 kl. 20.16.29

 

Leave a Comment