Framandgjering på nett

Av og til er det godt å få ut litt frustrasjon. Eg er så heldig å kunne lufte ut ein gang i månaden i Haugeusnds Avis. Det gjer godt for sjela. Eg er jo ikkje kjend for å ha svært velutvikla tolmod, så det er alltid noko som engasjerar.

Denne laurdagen var det ekstra mykje temperatur. Eg skreiv eg om nettets forbannelse. Altså dette med brukarnamn og passord og korleis det å opprette ein ny brukar ein eller annan stad, kjennes som å opne og lukke ei dør på same tid. For vil eg hugse kva kode eg oppgav, vil eg hugse brukarnamnet og mailadressa mi neste gang eg skal inn dit? Det var opprinneleg meir banning i artikkelen, men eg visste ikkje heilt korleis det var med banning i avisa, så eg modererte meg litt.

Skjermbilde 2013-08-19 kl. 09.35.40

 

Leave a Comment