Flatbrød med ein vri

Eg likar dei gamle baketradisjonane, og flatbrød er ein favoritt. Eg har lenge ønska meg ei steiketakke, men det har eg altså ikkje. Så glad var eg då eg fann ei oppskrift på flatbrød, som ein kunne steike i omnen. Den står i Ruth-Hege Holst si kokebok I Huldas kjøkken, det er basert på Hulda Garborgs oppskrifter, Ho var inspirert av både norsk husmannskost og det kontinentale kjøkken. Ei vakker bok med mange, fantastiske oppskrifter som eg bruker ofte.

Skjermbilde 2013-06-21 kl. 11.34.45

Flatbrød med dill, vart suksess. Så eg tenkte eg ville dele denne enkle oppskrifta med dykk. Det står at ein skal bruke dill i oppskrifta, men eg har brukt frisk oregano, timian og rosmarin. Alt smakte herleg. Eg lagar dobbel porsjon og steiker i varmluftsovn, så får eg to brett i gangen.

Flatbrød med urter og havsalt

1 ts tørrgjær

1,5 dl vann (37 grader)

0,5 dl olivenolje

0,5 dl grov havsalt

5-5 dl kveitemjøl

 

4 ss friske urter, finhakket

 

Til pynt, pensle med olivenolje og dryss på urter og havsalt.

Skjermbilde 2013-06-21 kl. 11.31.49

Varm stekeovnen til 180 grader.

Bland gjær, vatn og olivenolje, ha så i mjøl og salt, til ein passe fast deig. La heve i til dobbel størrelse. Hell deigen på bordet og kna inn halvparten av urtene. Del deigen opp i ti-tolv like store emner, kjevl dei til dvært tynne leiver, ikkje mer enn et par millimeter. Jeg brukar å kjevle dei direkte på bakepapiret, og har en fuktig klut under, slik at bakepapiret skal ligge i ro. Har tre flatbrød per brett. Pensle med olje, strø over havsalt og urter.

Steik ved 180 grader i 10-12 min. Følg med at de blir passelig gylne. Avkjøl på rist.

Så er det berre å nyte. Desse smakar godt med spekemat og rømme, eller til manchego ost og honningmix, eller til suppe og gryteretter, eller salat. Eller kva hjertet begjærer.Skjermbilde 2013-06-21 kl. 11.32.22

 

 

Leave a Comment