Ferien sluttar her

Denne Signaturen, som nyleg stod på trykk i Haugesunds Avis, skreiv eg frå ei hytte på Sørlandet. Det var is til frukost, sol og bading frå morgon til kveld. Fredag køyrde me den lange vegen heim. Mandag byrjar kvardagen att.

Eg trudde lenge ungane skulle byrje på SFO på mandag, det hadde jo vore greit, sidan vi skal på jobb, men no viser det seg at det kanskje ikkje er så enkelt. Kanskje opnar ikkje SFO før på torsdag? (uforståeleg nok). Så er kaoset offisielt i gang. Og alle gode forsett skjelv i buksene. Kvardagen kom brått på, som vanleg.

Skjermbilde 2013-07-28 kl. 20.02.50

 

Leave a Comment