Feelgood

Skjermbilde 2014-01-21 kl. 10.27.55

I helga var eg på besøk hos søstra mi i Bodø. Det var stor stas å treffe henne og niesa mi og mannen hennar. Eg vart tante då eg var seks! Tenk det. Så stolt. Her er eg og søstra mi på tur i den kalde, fine dagen på Moloen i Bodø.

På veg til Bodø, stoppa eg innom Oslo og hadde eit møte med forlagsredaktøren min. Ho hadde lese byrjinga på den nye romenen min, knappe tretti sider. Ingenting eigentleg, men likevel noko. Nok til å bli interessert kanskje, sjå kva tone, landskap, stemning, språk og karakterar den nye romanen rommar. Sidan eg nettopp har skifta redaktør, var det ekstra spanande!

Ein god relasjon til redaktøren er vitkig. Å skrive er ein einsam ting, dersom ein ser bort frå alle folka som snakkar i munnen på kvarandre, alle scenen som speler seg ut i hovudet, så sit ein no der, åleine og skal få til noko som ikkje berre er gøy for meg å skrive, men som andre vil ha glede av å lese. Då er det fint å ha ei som les, som tenkjer, som veit og kan bringe inn nye perspektiv på teksten. Det vart eit positivt møte. Eg tenkte kanskje dette skulle bli ein feelgood roman med humor og varme, men så sa redaktøren at det minna ho litt om Lillyhammer. At stemninga var litt sånn Twin Peaks aktig. Så eg veit ikkje. Kanskje det vert ein spenningsroman med glimt i auget? Det kan vere like bra.

Redaktøren bad meg køyre på, og ikkje sjå meg tilbake. Så no har eg nok å gjere. Skal eg rekke bokhausten, som ikkje er livsviktig, men hadde vore kjekt, må eg ha førsteutkastet klart i slutten av mars. Uansett er det godt med alt som er gjort, det sa alltid farmora mi.

 

 

Leave a Comment