Eit nytt kapittel

Denne veka vert det litt reising att. Bergen og Stavanger står for tur. Kapittel er eit høgdepunkt i bokhausten. Eg kryssar fingrane for at boka er ferdig til torsdag, då Odveig Klyve og eg vert å finne på Kulturbanken klokka tre. Me er begge på Cappelen Damm, har same redaktør, og bøkene våre har same sleppedato. Skulle tru me var søstre. I ordet, i alle fall. Det hadde vore så kjekt å stå der med boka i handa. Den verkelege boka. Ikkje den tenkte.

Det er merkeleg å skulle reise langt (ja, det er vel ikkje eigentleg så langt, då, frå Haugesund til Bergen og Stavanger, men… for ei tobarnsmor som er rimeleg heimekjær fortonar alt som inneber pakking av koffert, å sette seg i taxi, busse, fly og sove på hotell, seg som ein lang tur. Eg er jo vekke i fleire dagar, lengtar etter ungane og lurar på om mannen hugsar å mate kattane. Når sant skal seiast spør eg oftare etter kattane enn ungane når eg ringjer heim. Jadda. Eg reknar jo med at han hugsar gutane. Dei er det vanskeleg å oversjå. Kattane er det verre med. Sjølv om eg prøver å mase og ringe minst mogeleg, får eg det ikkje heilt til. Eg er jo ei slik ei som likar å bekymre meg. Slike skulle ikkje ha katt. Dei skulle i alle fall ikkje reise frå kattane.)

Det eg skulle seie, før denne kjempeparantesen tok overhand, var at det er merkeleg å skulle reise så langt for å lese frå Nattgjengar i nokre minutt, snakke litt om boka. Sjølv om det er viktige minutt. Det er jo det!
Men kva skal eg så lese? Det er alltid vanskeleg å velge. Anne B. Ragde les alltid frå byrjinga. Det meiner ho er best. Eg er sånn i tvil. Då eg reiste rundt og las opp frå Vinterhjerte, las eg litt her og der. Sette saman tekstar frå ulike stader i boka. Hoppa over parti, strauk og la til. Det er ikkje lett å vite kva som gir det beste inntrykket av boka. Den som kjem får sjå. Håpar du tek turen til Kulturbanken klokka tre på torsdag, viss du kan. Då vert eg glad.

 

 

 

 

 

Leave a Comment