Ein brannfakkel

Politikarar, våre folkevalde, trugar med å legge ned bibliotek og utarme denne fantastiske institusjonen. Det er ei sjuke som går, at alt som er fint og flott og har verdi utover det som kan teljast i pengar, skal bort. Vi treng det ikkje, vi har ikkje råd, synest å vere tanken. Kvar kom den tanken frå? Heldigvis er vi mange som ser verdien av bøker og litteratur. Det er ei eiga danning i å lese, av å lese blir vi kloke, men vi kan også bli fylt med varme, kjenne meining med tilværet, gjere nye oppdagingar og finne trøyst. Biblioteka må kome på banen, dei må modernisere seg, dei må ta grep og skape seg om, slik at dei framleis kan vere ein viktig møtestad, ein stad for kunnskaps og kulturformidling. Det varmar at folk brenn faklar for biblioteka. Her er signaturen min som stod på trykk i Haugseunds Avis like før jul.

 

Skjermbilde 2014-01-16 kl. 10.30.48

 

Leave a Comment