Ei glede

I dag tok eg meg sjølv i å glede meg til boka kjem. Ei ekte glede som la seg i bringa og liksom varma. Ei lita flamme som fatna. Gleda meg til å ha boka i handa, kjenne den fysisk, sjå den. Ei barnsleg glede. Ei slik som ikkje er til å styre. No er det berre ei veke att, nokre dagar eigentleg. Så er den her.

Foto: Gunvor Saltvik

Eg har ikkje kjent på den gleda før. Det har vore så abstrakt det heile. Ja, så klart det er fantastisk. Så klart eg gler meg. Har eg sagt. Har eg tenkt. Eg har sagt til meg sjølv at no må du kjenne på gleda. Over alt dette fine som skjer. Som eg får til å skje. Men eg har ikkje kjent det ein plass. Det har vore for travelt. For mykje å gjere, å grue seg for. Så mykje som kan gå gale heile tida. Bankkontoen har vore for tom, timane i døgnet for få. Eg har ikkje sove. Bekymringar. Eg har jobba døgnet rundt. Med Litterær Salong. Med nettsida. Med alt dette andre eg seier ja til heile tida. Med boka. Dåleg samvit for ungane. For alt det andre. Som ikkje vert gjort.

Eg hugsa ikkje kor mykje arbeid det var frå manus til ferdig bok. Omslaget! Språkvask. Nynorsken! Bekymringar. Korrektur. 2. Korrektur. Økonomiske bekymringar. Bekymringar. Lanseringsfest, men kvar og når. Korleis? Reising. Kva skal eg lese når eg skal lese opp. Øve på det. Bekymringar. Og pressa og kritikarane og lesarane. Kva skal eg seie når folk spør kva boka handlar om?

Eg har prøvd å halde meg rolig gjennom det heile. Men panikken har lurt like under overflata. Kun eit pust unna. Eit blikk. Og eg veit det. Prøver å late som eg ikkje veit det. Prøver å haste vidare. Prøver å ta unna. Senke skuldrene. Puste. Glede meg over alt det fine som skjer. Det har ikkje alltid gått like bra. På nettene særleg. Då vaknar eg og blir liggande vaken. Tenkjer på alt. Det kvernar. Sand i augo når det er morgon, når dagen byrjar.

Den kom brått på, denne plutselege gleda. Som eit lysglimt ein heilt vanleg dag. Og det var godt. Det var sutalaust. Som me seier på Stanghelle. Utan sut. Eg skal prøve å bli litt meir sutalaus. Ikkje henge meg opp i bagatellar. Ikkje dvele ved det som ikkje går som smurt. Ikkje bekymre meg så mykje. Eg skal prøve å halde på gleda. Å blåse på flamma. Det varmar så godt i bringa. No byrjar det å krible i føtene også. Dette er ei glede som ikkje let seg stogge. Ei barnsleg glede. Forventning.

Eg søv kanskje ikkje betre no som gleda har lagt seg til i meg. Men eg kan kvile i denne gleda, kjenne på at den veks seg større og større. Berre nokre dagar no. Så er ho her, boka. I handa. Heilt konkret. Ei glede, å ta og føle på.

 

 

 

Leave a Comment