Eg har vore i Roma, og er heil øvegitt, so me seie der eg kjem frå. For ein by! Vi snubla over historie, ruinar, synagoger, kyrkjer og kunst, kvar enn vi gjekk. Byen er pepra med sjarm og sjel. Vakkert, vakkert, vakkert.
Parken i utkanten av Roma er så stor at ein ikkje ser Roma for berre tre og gras og landleg idyll. Dette er verkeleg ei grøn lunge, og det «verste» er at den var i privat eige fram til 1960. Litt av ein «hage»! Og Prozeccoen flyt fritt blant gode vener:D
Tilfeldig valgt sidegate. Må jo berre elske Roma!
Det er lett å nyte livet på ein av dei mange kaféane. Du treng ikkje gå sulten i Roma.
I St. Peters kyrkja var det nesten like mange skuelystne turistar som kunst på veggar, tak og golv. Me hadde 15 minutt til rådighet der inne. Det var i minste laget, for å seie det forsiktig. Utruleg!
I Roma tenkjer dei stort! Colosseum var fascinerande. Tenk å ha vore her då dei fylte den med vatten og arrangerte store sjøslag her. Eg har bestemt meg for å lese meg opp om Roma. Spesielt har eg lyst å lære meir om keiser Nero. Gal, galere, Nero.
Tenk å bu i Roma og handle alle mulige ferske godsaker med seg heim frå Campo de Fiori!
Shoppingen var uovertruffen i den evige by, med Siri ( på bildet), Aud og Britt. Me fann ei gate og gjekk banas med kjoler og sko. Hurra! Etterpå låg lommeboka i ruiner, og det matcha jo Roma perfekt.