Den beste våren, ever!

For dei som lurar, så skriv eg altså på ein roman som skal kome ut neste år. Og eg har trua. Eg har verkeleg trua på denne romanen. Eg har trua på at du vil like den, og at naboen din vil like den og at onkelen din og mora di vil like den. Eg har så trua!

Det har rett nok ikkje vorte så mykje tid til skriving i det siste.

Fordi eg har gifta meg. Hurra! Det var gøy det. Og så gøy å vere gift. Endelig. Etter fjorten år med den fantastisk, kjekke mannen min <3

Skjermbilde 2014-06-20 kl. 10.00.15

Foto: Trond Jostein Pettersen

Og fordi vi reiste til Zanzibar på bryllupsreise. Ei superfantastisk veke med romantikk og sydhavparadisiske tilstander på fantastiske Breezes Beach club and spa!

Skjermbilde 2014-06-20 kl. 10.00.57

Ikkje særleg vanskeleg å ha det bra her, nei!

Skjermbilde 2014-06-20 kl. 10.01.45

Og så var eg ikkje før kome heim frå bryllupsreisa, så fekk Litterær Salong kulturstipend frå Rogaland Fylkeskommune for å reise til Brooklyn Book Festival i sjølvaste New York!  Då blir ein svimmel av glede, då! Flyreisa for Dyveke og meg er booka, hotellet bestilt, så nå går vi berre rundt og gleder oss!

Eg som aldri reiser nokon stad. I år er eg så heldig å få reise til Zanzibar, Italia, Island og New York. Det er berre å kjenne på takknemlegheita for dette fantastiske livet! Eg trur eg må ta å ramme inn 2014, det mest fantastiske året. Så mange kjekke ting.

Er det ikkje rart korleis alt liksom kjem på ein gang? Eg kjenner meg heldig. Og takksam. Kvar dag kjenner eg på ei varm og rund takksemd. Det er nok litt flaks involvert, men eg trur dette er eit resultat av mange år med hardt arbeid, av at eg veit kva eg vil, og at eg ikkje gir meg. Skal du få det du ønskjer deg, må du vite kva det er. Og så må du gjere det som skal til. Ingenting kjem av seg sjølv. Det er som oftast hardt arbeid involvert.

Dei neste to vekene blir det i vert fall romanskriving for fulle mugger. Det ordnar seg nok. Eg har trua, eg veit kva eg vil og eg gir meg ikkje :D

Skjermbilde 2014-06-20 kl. 09.56.10

 

 

 

 

Leave a Comment