Byen i mitt hjerte

er Bergen. Eg innrømmer det. Då me flytta frå Bergen til Haugesund for sju(!) år sidan, trudde eg me kom til å reise til Bergen annakvar helg. Det var i alle fall det eg sa. Men så lever ein livet der ein er, det eine tek det andre, og før ein veit ordet av det, vert det toppen eit par turar til Bergen i året. Ein annan ting som var rart med å flytte til Haugesund. Var å plutseleg bu i Rogaland. Det var heilt sprøtt. Plutseleg hadde eg sterke kjensler for Hordaland, fylket mitt, som eg tidligare knapt hadde ofra ein tanke, snarare teken for gitt. Kan ein verkeleg ha kjensler for eit fylke? Ja, det kan ein visst. Sterke kjensler! Så eg er heldige som får reise til byen i mitt hjerte for å lese for bokhandlarane med Cappelen Damm sin bokgalla. Og på bussturen kom regnbuen fram. Det må jo betyr lykke?!

Eg syns det er så godt å reise med buss, å berre sitte og sjå ut av vindauget. Kor ofte får ein tid til det? Men når sant skal seiast, vart det litt jobbing, ringing og fiksing og ordning og så måtte eg plage Dyveke igjen. Men då fekk eg i alle fall gjort noko. Den tekniske revolusjonen er snart så langt komen, at det ikkje er fred å få kvar ein enn befinn seg. Vanlegvis byrjar det å boble med ein gang eg set meg i bussen, tankane flyt fritt i takt med den vakre naturen som flyt forbi. Eg har jo allereie ein ny roman i hovudet, nokre karakterar, eit landskap, ein tematikk. Men det bobla overhovudet ikkje. Eg må vel først få Nattgjengar ut av kroppen, tenkjer eg. Det er litt å ordne til festen på laurdag.

Blå himmel og regntune gater i hjertet av Bergen. Eg har vokse opp på Stanghelle, ein halvtime med tog frå Bergen. Og når me skulle til by´n, då var det Bergen me meinte. Eg har studert her, budd i kollektiv, eg har festa og eg har ledd. Det har vore tenners gnissel. Det var her eg møtte mannen min. Og så er det jo så vakkert. Fjellsiden om hausten. Med sine glødande fargar og vakre hus. Smau og gater å gå seg bort i. Du kan vandre i dagar og netter i Bergen og det er ingen grunn til å gå heim. Ikkje rart eg gråt mine modige tårer då vi skulle flytte. Sjølv om det regnar. Mykje. Det regna no også. Og sjølv om eg hadde pakka to paraplyar, klarte eg å gløyme begge når eg hadde sjekka inn på hotellet og skulle vandre litt rundt.

Litt mindre enn tolv timar etter at eg sat meg på bussen, var eg klar for mine fem minuttar of fame foran ein fullsatt bankettsal på Hotell Norge. Det var lydhøyre bokhandlarar  kvar enn eg såg (og så mor mi, då:). Det er jo alltid eit styr. Kva skal eg ha på meg? Kva skal eg lese? Seie? Øve, øve, øve. Prøve å roe ned. Og showet som Cappelen Damm lagar skal vere bra, men kva veit eg, som dukkar opp som troll ut av øskja, og ikkje får sjå sjølve showet, sidan det skal vere ei overrasking kva forfattarar som kjem på scena. Eg må halde meg i skjul. Men i morgon får visst vi forfattarane sitje på balkongen, viss vi held ein lav profil. Eg gler meg! Ifølgje mor mi var det eit bra show. Og så var det ikkje fritt for at det vart nokre tårer då korken på proseccoen spratt. Og i morgon, viss alt går etter planen, har eg boka i n Skål.
 

Leave a Comment