nattgjengaren-slideshow

Nattgjengar

Vi fann han ikkje før eg byrja å leite langs bakken, kika under bregnar, bak busker og brått kom over han, krølla saman inntil ei furu med den nedste greina som ei dyne over seg. Han såg så fredeleg ut. Som om han høyrte til der. Som ein liten revunge. Vi ville ikkje vekkje han, så vi gjekk heim og lét han sove der ute i skogen åleine. Om natta drøymte eg at eg låg der ute med han, krumma meg kring han, armen om midja hans, skogbotnen var så mjuk, det lukta furunål og dogg.

Det er ei tid for å håpe. Det er ei tid for å gå vidare. Ein dag gjekk Aksel inn i skogen og kom aldri tilbake. Framleis lyttar Ellie etter trinn i trappa, stemma hans i rommet. Kjem han ikkje snart? Nattgjengar handlar om å miste, men óg om feilplassert begjær, ein underleg nabo og ein leigebuar som kjem for nær.

I eit nærværande og sanseleg språk skildrar Siri M. Kvamme den utenkelege tragedien som rammar så hardt. Ei endring tvingar seg fram for Ellie.

Meldingar:

«Hun setter ord på det uutholdelige, skriver ut smerten og uvissheten så det dundrer i hjertekammeret.(…) Språket er vart, nært, fullt av omtanke, som om Kvamme vil legge en trygg arm rundt Ellie, gi henne et lite puff, få henne til å gi slipp. Derimot gir ikke romanen så lett slipp på leseren.»

«(…) innsyn i en hardt prøvet sjels indre frigjøringsprosess. Modig og godt gjort.»

 Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis

 

«Siri M. Kvamme skriv tett, ubehageleg og språkleg sikkert om
å miste eit barn og å miste eit håp.»

«For den første romanen fekk Kvamme ros for den språklege presisjonen sin gjennom sterke poetiske bilde og ein skånsellaus realisme. Nattgjengar er minst like god.»

Margunn Vikingstad, Dag og Tid

«Kvamme legger seg ubehagelig nær aktuelle tema når hun skildrer sorgen over å miste et barn og minner oss om at for de etterlatte varer marerittet mye lenger enn oppmerksomheten fra media. Sårheten i savnet, og den tvetydige skammen over ikke å kunne legge det bak seg, formidles på en sterk og troverdig måte i Kvammes sensitive språk.»

Rune F. Hjemås, Adresseavisen

Cappelen Damm 2012

Kjøp den her 

Her kan du bla i boka:

Sjå innslag fra Tv Haugaland om boken

 

 

Leave a Comment